Julefeiringa i 1807

Av: Odd Harry Arnesen

Eg har i det seinare lese nokre biografiar, forteljingar osb. frå tida ikring 1800-1814. Mellom anna har eg funne noko stoff om dans, som eg trur kan være interessant for folk i Leikarringen. Sidan jula snart er over oss att, har eg skrive to artiklar om julefeiringa i dei 'hine hårde'.

Den første artikkelen byggjer på boka "Oberstlieuntenant Jens Christian Schrøders erindringer" (Steenske forlag. Kra.1924), som vart skreven ikring 1860. Der skildrar Schrøder mellom anna julefeiringa heime på farsgarden Valde, innanfor Larvik, i 1807. Han vaks opp i eit miljø med offiserar og embedsmenn. Det er ikkje så viktig at dei budde i Larvik området, vi må hugse på at slike folk laut flytta mykje. Nesten alle familiane var av utanlandsk herkomst. Jamvel om mange av dei etter kvart såg på seg sjølve som norske, er vi framleis i eit 'invandrarmiljø'.

Eg let han fortelja sjølv, men noko forkorta og omsatt til nynorsk:

"I Bygda bodde ei tid ein del Dragon- og infanterioffiserar, og i fleire år var det ei viss sak at alle skulle til Valde på middag 1. juledag. Dei andre dagane i jula var vi hos dei andre, og alltid var det dans, det vi kalla eit ball. Vi sang altid ved bordet, ikkje akkurat harmonisk, men alle var glade og mora seg med songen. På Valde samla vi inn pengar til dei fattige, det er ein god skikk å minnes dei som lid naud, i eiga overflod. Om kvelden vart det servert punsj og øl. Vi festa aldri på Valde utan at far min (Major Schrøder) førde ann i ein menuett. Den var for å minnast gamle dagar, og ære dei gamle. Og dei eldre kom ut på golvet alle som ein! Dei gamle dragonoffiserane tråkka og trampa menuetten, med digre støvlar og sølvsporar. Eg tykte berre det var Far som dansa menuett med stil. Etter menuetten dansa dei yngre og rørlige såkalla springdans eller polskdans, med mykje springing i ring og krumspring. I vår tid har denne dansen fått ei fornying i masurkaen, som polskdansen har sprunge ut av. I avsidesliggande strøk kallar dei visst framleis polskdansen for 'masørken'. Ellers var dei vanlegaste dansane dei såkalla engelske (Anglaise) eller 2/3, og langsom og ærbar vals. Dog var dei gamle matronane forarga over valsen i byrjinga, grunna den særeigne stillinga til dansarane. 'Valse Allemande' var særskilt elegant, med mange svingingar og ulike stillingar med armane. Da var takta framleis seriøs, i motsetnad til våre dagars raske valsetakt. Eg minnes eg lærte 'skotske trinn', i ei langt raskare takt. Desse trinna utvikla seg til den populære feiaren, som underleg nok helt seg svært lenge. Det var ein inkjeseiande dans, berre opp, ned, dos a' dos og kjede. Vi barna var alltid med og dansa. Den gongen var det ei avgjort sak at alle dansane hadde heilt bestemte steg, som vi alle laut læra. Å gå i dansen, slik dei gjer no, høva dårleg i fint selskap! Dei som lite evna å fylle takta og trø dansen gjorde difor ein latterleg og ynkeleg figur. Klokkar Plathe var svært halt, og når han dansa anglaise utpå natta, var det sannerleg morosamt å sjå på! 'Kjøraus' var somme tider framleis siste dansen på morgonkvisten. Han gjekk med yre og viltre turar og overgjevne krumspring gjennom alle romma i huset. Ein tur, 'å rulle på stokken', der alle, damer og herrar, rulla seg saman til ein einaste rund klump, ville væra heilt upassande no for tida! Jula 1808 var siste gongen det vart dansa kjøraus på Valde. Mens dei unge dansa spela dei gamle polskpas eller L'hombre. Eg kan ikkje minnes at det nokon gong gjekk til svir eller utskjeielsar. Far og Prosten var svært måtehaldne, og dei gav vel tonen. Eg minnest frå min tidlege barndom at unge menneske frå 'Den mathematiske Skole' spela pantomimar i jula, og forresten var det ikkje uvanleg med forkledningar."

Schrøder var og med på åpningsballet da Det Kongelege Frederiks Universitet vart oppretta, men diverre nemner han ikkje eit kløyva ord om hva dei dansa der! Medan han var kadett i Christiania var han så heldig at vart kjent med John Collet, ein av Noregs rikaste menn. I neste artikkel vert vi med 'denne svært korpulente mannen med dei grøne brillene' til julefeiring på Flatebygodset i Enebakk.

 


Neste side: Kapittel IV
Neste side: Familien Kielland