Jul på Flateby 1800-1808

Av Odd Harry Arnesen

Kjeldene til denne artiklen er erindringane til J.C.Schrøder (sjå artiklen i Nr.8Del 1, Krigen i 1808.), og Conradine Dunker, "Gamle Dage", og ikkje minst "Fladebye Journalene". Journalane vart skrevne som dagbøker både i jula og i jaktsesongen. Dei bevarte årgangane vart gjevne ut i bokform i 1994. Julejournalane er skrevne av Tina Collett og sjølvaste Christian Magnus Falsen.

Handelsslekta Collet kom til Noreg frå England i 1680, og gjorde det stort på trelast. Heilt sidan 1750 hadde dei feira jula på jaktslottet sitt, Flateby i Enebakk, ilag med 20-30 gjestar frå "Christiania finare fiff". Ikring 1800 helt John og Tina Collet framleis tradisjonane i hevd. Gjestane deira var noregs rikaste familiar, trelastbaronar og handelsslekter, embedsmenn i høge stillingar, td. statthaldaren, og andre danske og utanlandske adelsfolk.

Gjestane trakk lodd om kven som skulle væra 'vertspar' for kvar einskild dag. Vertane fekk i oppdrag å organisere måltida og underhaldninga på dagen sin, og det var ikkje små krav dei andre gjestane sette til dei!

Alle vart begeistra over kor fritt og morosamt dei hadde det på Flateby. Dagane byrja med at ein klarinettspelar kalla gjestene ned til frukost. Om formiddagen gjekk dei turar, kjøyrde slede og leika juleleikar som kviskreleiken, 'min fisk', pante og kysseleikar. Ettermiddagen gjekk med til handarbeid og kortspel blant dei eldre, medan dei unge spela, leika og dansa. Middagen åt dei om kvelden, etter engelsk skikk, og han var oftast både overdådig, lang og livleg. Når maten og vinen var vel innabords kom kveldens høgdepunkt: 'opptoget', ei teaterframsyning med og for gjestane. Jamvel bygdefolket fekk og stå utanfor dørene å sjå på. Ein annan engelsk (u)skikk Collettane nytta var å sleppe inn 'bondedrengane' etter opptoget. Dei kasta myntar ut på golvet, som ungane sloss om! Resten av kvelden gjekk med til dans og kortspel. På nyårskvelden bruka dei ha maskeradeball heile natta.

Amatørteater var svært populært på denne tida. Tina Collet og mange av gjestane var med i "Det Dramatiske Selskab" i Christiania, så det vanta nok ikkje idear eller skodespelarar til 'opptoga'! Spelstykkja var utdrag frå kjende oppsettingar, eller noko dei laga sjølve. Vertsparet for den påføljande dagen valde stykkje og skodespelarar, laga kulissar osb. Til kulissane fekk dei hjelp av ein stab med snikkar, målar og papparbeidar. Slottet hadde og eit eige rom fylt med kostymar og draktar.

Vi finn side på side om opptoga, men kjeldene diverre meir tagale om dansen, sjøl om dei dansa både på dagen og kvelden. Av turdansar nytta dei mest engelskdansar, men og 'engelske menuettar'. Eit år står det at dei berre dansa kontradansar to gonger i jula. Namna går litt om kvarandre, så det er ikke godt å si kva kontradansar tyder her. Allemande en mykje omtala. Allemande en deux og trois jamvel som framsyning, men berre med hhv. to og tre damer! Polskdans, hoppvals og barberdans var andre gjengangarar i storsalen på Flateby. Især polskdansen, det dansa dei og stundom med tjenestefolket. John og Tina Collet bruka danse polskdans kvar ettermiddag, som mosjon! Barberdansen kan ha vore ei morosam framsyning. I alle høve vart ein gutt eingong såpa inn i anletet, og 'barbert' med ei skål. Så fort gjekk det, at han ramla av stolen!

Klarinett og tamburtromme er dei einaste instrumenta som er omtala, men det er ikkje godt å seie om tromma vart nytta til dans. Ein komentar om 'musicus', altså eintal, kan tyde på at dei berre hadde ein spelemann den dagen.

I det heile gjekk det mest i dans og leik på Flateby, det religiøse innhaldet tok dei visst ikkje så tungt. Eit år drog td. berre 4-5 menneske til gudstenesta på nyårsdagen. Sognepresten nytta da og høvet til å tordne ut ei åtvaring mot å 'legge ut på den flate vei'!

 


Neste side: Sekundærkilder
Neste side: Primærkilder